Og vinden eit korn av salt (2019)
Begge foreldra til mor mi døydde fem år før eg vart fødd. Alt eg veit om dei er ting eg har vorte fortalt eller sett på gamle fotografi.
Bestefar min tolte ikkje bacon og løk. Bestemor mi skulle ynskja kjøkenet var vendt mot fjorden og ikkje mot skogen. Bestefar min hadde ei snor som gjekk frå kjøkenglaset til ei bjølla i ripsbuskene, som han kunne nappa i for å jaga vekk trosten. Bestemor mi døydde medan ho plukka bringebær.
I “Og vinden eit korn av salt” har eg avfotografert nære utsnitt av fotografi av Ingeleiv og Kristian Dyrnesli. I fotografia ser eg dei gjennom nokon andre sitt blikk, nærare kjem eg ikkje. Sjølv om eg tek utgangspunkt i objektivt sanne bilete - det var slik dei såg ut, og slik dei stod då bileta vart tekne - vert heilskapen mitt personlege bilete av dei. Eit bilete som eg har skapt meg dels ut frå min eigen identitet og kven eg skulle ynskja dei var.
Utstillinga vart støtta av Kulturrådet.