Kvardagens ferjereiser (2017)
Båten var lenge det mest brukte framkomstmiddelet langs kysten og i fjordane i Noreg. Då bilen kom i fyrste halvdel av 1900-talet, erstatta bilferjene mykje av båttrafikken. Fjorden var ikkje lenger ei samlande ferdselsåra. Ferjene vart utforma med store vindauge, soldekk og salongar med kafeteria og røykerom. På veggane hang det landskapsbilete i fall vêret øydela for utstikta.
Bruer og tunellar erstatter i dag fleire og fleire av ferjesambanda. Ferjefri E39, frå Trondheim til Kristiansand skal halvera køyretida og korta strekninga med 50km. På ferjene som er att vert kaféane lagt ned og avgangane reduserte.
Bileta er tekne på ferjer i 2016 og 2017, i det som då var Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.